Haustdugnad
Måndag 13. oktober var det klart for haustrydding.
Det var grått og trist, men ikkje skikkeleg regn heldigvis.
8 glade frivillige stilte opp! - Vi hadde det kjekt og rydda vekk gamalt og visna bladverk og blomster, klipte bringebær, krukkene fekk lyng og er klare for kulden. - Nokre begoniar såg verkeleg flotte ut og fekk stå, det same med ein hortensia.
Turid hadde fjerna verandakassene frå gamlebygget på førehand.
Etter samtale med Truls Villanger og Lisbeth Torvik, ( som er vår kontaktperson på Heimen), at vi skulle rydde plass til dei nye borda og stolane i huken under tak. Sykkelen vart vaska for fugleskit og plassert i garasjen.
Kjøkkenet stilte med kaffi og nydeleg kake og twist. Tusen takk!
Så då vart det ein god prat rundt bordet, siste opprydding og kosting.
Då blir det litt lystenning til advent som er det neste.
Tusen takk til Oddbjørn, Bjørg, Kjellaug, Elinor, Anne, Liv B, Signe og Judith!