Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Dyktige arbeidsfolk.

Dyktige arbeidsfolk.

Kjellaug og Ellinor gjekk laus på måseskiten som har pynta plattingen i heile sommar.

Kjellaug og Ellinor gjekk laus på måseskiten som har pynta plattingen i heile sommar.

Planta litt haustlyng som lyser opp.

Planta litt haustlyng som lyser opp.

Pallekarmane rydda og klare med tulipanløkar i jorda.

Pallekarmane rydda og klare med tulipanløkar i jorda.

Elinor stilte med nydeleg eplekake, kaffi og twist fekk vi frå kjøkkenet.

Elinor stilte med nydeleg eplekake, kaffi og twist fekk vi frå kjøkkenet.

Haustdugnad i Sansehagen

Det har vore mykje bær og blomster i hagen i år, dei som har vore med på vatningsplanen har gjort god jobb. Vi fekk også sett opp ein bossdunk, slik at vi kan rydde litt når vi har vatningsveke. Har fungert godt, sjølv om vi gjerne kunne hatt fleire dugnadar for å ta unna skvalderkål og anna ugras.

vårblomsterFlotte rips!Georgine frå Linda.Masse bringebær

 

 

            

 

 

Vi bestemte haustdugnad til onsdag, 9. oktober kl 11.

Vergudane heldt seg i skinnet ein times tid! Så vi 9 som møtte opp, fekk gjort det meste. Klipte bringebær- og andre bærbusker, rosebusker og gamle stauder, rydda vekk sommarblomster og planta litt haustlyng.

Rydda og vaska også bord og stolar, og Kjellaug og Elinor gjekk laus på spyling og skrubbing av plattingen for å få vekk måseskiten. Paviljongen har blitt vaska av Elinor tidlegare i sommar. Håper noko kan gjerast for å hindre måsereir på taket til neste år, for det har vore plagsomt med måsar og ungar både i paviljongen og på uteplassen ved sjukeheimen. Ikkje kjekt verken for pasientar eller pårørande som vil vere ute. 

Tusen takk til alle som har hjelpt til med vatning og rydding i sommar, takk til Elinor for god eplekake, og til kjøkkenet for kaffi og sjokolade!

Sansehagegruppa består av Judith, Bjørg og Anne frå Vbk, Elinor frå Helselaget, Kjellaug frå Pårørandeforeninga og Lisbeth frå dei tilsette.