Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Så fint og ryddigt vart det!

Vi var heldige,- opphaldsver og 12 ivrige dugnadsfolk!

Vi var heldige,- opphaldsver og 12 ivrige dugnadsfolk!

Åse og Anne gir seg ikkje så lett!

Åse og Anne gir seg ikkje så lett!

Litt kaffikos og prat må til!

Litt kaffikos og prat må til!

Ha ein fin haust!

Ha ein fin haust!

Dei rosa rosebuskene var utruleg flotte i år!

Dei rosa rosebuskene var utruleg flotte i år!

Kryprosa klarer seg i kampen med ugraset!

Kryprosa klarer seg i kampen med ugraset!

Romance er alltid fin.

Romance er alltid fin.

Cherrytomatane var veldig produktive.

Cherrytomatane var veldig produktive.

Hortensiaen ved inngangen til Sjukeheimen greier seg heilt til advent!

Hortensiaen ved inngangen til Sjukeheimen greier seg heilt til advent!

Haustdugnad i Sansehagen i Valldal.

 

Tysdag 19.10.21 var det på tide med haustdugnad. Det var framleis ein del som blomstra fint, men no måtte det takast. Vermeldinga var ikkje den beste, men vi var heldige og fekk opphaldsver. Og dei frivillige stilte opp, 12 menn og kvinner kom, og derfor gjekk det raskt å bli ferdige. Veldig glad for at ein av bebuarane også kom og hjelpte til med å gjere det fint.

Og sjølvsagt avslutta vi med ei kjekk kaffistund, godt med ein prat om korleis det hadde gått i hagen i sommar. Der var mykje fin bær, og vi trur og håper at folk kosa seg med det. Og elles mykje fin blomstring, eg legg ut litt bilde no på slutten av sesongen.

Sjølv om sommaren var varm og tørr, greidde vatningsgjengen brasane. Må også takke Byrg som vatna til oss på måndagane.

Vel møtt neste sommar.

Helsing Sansehagegruppa som er frå Fjørå og Valldal Helselag, Valldal Bygdekvinnelag og Pårørandeforeninga.