Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flink gjeng som laga tradisjonsmat og videohelsing til NBK.

Flink gjeng som laga tradisjonsmat og videohelsing til NBK.

Nydeleg pynta 17.maibløtkake og graut og vaffel!

Nydeleg pynta 17.maibløtkake og graut og vaffel!

Solveig si superkake!

Solveig si superkake!

Flagg og blømande frukttre på Linge!

Flagg og blømande frukttre på Linge!

Helsing til NBK - 17. mai 2020!

LINGETREFF 12. mai

Desse møtte: Solveig, Bjørg, Nelly, Else, Kristi, Sunneva.

NBK vil gjerne vise korleis bygdekvinner  og lokallaga
rundt om i landet førebur seg til 17.mai i år.
Dei ynskjer seg små filmar på ca. 20 sekund.
Desse skal setjast saman og sendast ut
på nasjonaldagen.

VBK-damer tok utfordringa, møtte på Solveig sitt kjøkken,
og laga 17. mai kremkake pynta med  jordbær og blåbær.
Kristi fekk fotoansvaret og tok bilde av kakepyntinga.
Filmen viste også stemor på bordet, morellblomst ute
og i vindaugskarmen, dessutan vafler og graut frå Nelly.
Damene stilte i grøne VBK-skjorter og svarte NBK-forkle,
smilande og rett stilige var dei!

Til slutt vart det kaffeslabberas,
kaka varte ikkje til 17.mai!

HA EIN FIN 17.MAI!

Sunneva