Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Carolin Eide, Vesla Rem og Astrid B. Andersen stod for musikk og sang.

Carolin Eide, Vesla Rem og Astrid B. Andersen stod for musikk og sang.

Hyggestund på Valldal sjukeheim.

 

Fredag 25.09.20 var det klart for Hyggestund med song og musikk på Sjukeheimen. Smittevernreglane var strenge, men det gjekk bra.

Kulturskulen hadde 3 elevar som stilte med song og pianospel. Veldig fint!

Valldal bygdekvinnelag skulle arrangere allsong, og Carolin Eide skulle spele til oss. Vi var 3 forsongarar,- Vesla, Astrid og Judith, og vi slo faktisk til med to-stemt på fleire songar!

Publikum sat med god avstand, ca 10 hadde møtt opp. Nokre av dei song med, og det var smil og rytmebevegelsar! - Det var kjekt å synge, sa ei, og ei ville ha vassglas neste gong, for ho vart tørr i munnen! - Vi fekk også litt ønskekonsert,- Carolin spela kva som helst!

Skulle hatt slike stunder oftare!