Inspirasjon og samråding i Valldal !
Øsande, pøsende regn, men bygdekvinnene kom til Valldal likevel. Det vart overnatting på hytter og hotell. - Underhaldning, nyttig lærdom ,diskusjon,sosialt samvær og mykje god mat. - Veldig kjekt og mykje ros til Valldal Bygdekvinnelag!
Fredag 13.09 - Første møteplass var Murilåven hos Anne Merete Øybrekken og Per Åge Sunde. Der var det middag kl 19.00, og omlag 60-70 damer var på plass der. Det var koseleg på dekka , og vi fekk nydeleg mat.- Underhaldning vart det av Marianne Skuggerud på trekkspel, og dessutan hadde Nelly laga ein utfordrande quiz som verkeleg sette oss på prøve.
Laurdag 14.09.
Kl 09.00 - Nokre damer reiste til Meretes Garden på yoga, andre gjekk Betringes veg og rusletur i sentrum.
Kl. 11.00 starta programmet på Martin Lingehuset. - Solveig ønskte velkommen: - Vi leve livet lokalt! -Ta vare på kulturarven vår!
Ordførar Arne Sandnes ønskte velkommen til kommunen, - fortalde og viste bilde av attraksjonar, natur og kobla til historie.
Temaet for seminaret vårt var Verdsarv. Norddal kommune er verdsarv kommune og Nbk har verdsarvstatus .
Katrin Blomvik,direktør for Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden heldt engasjernde foredrag om emnet.
Kl 13.00 - Matpause med byggrynssalat, brød,tomat og agurk.
Marie Aaslie organisasjonskonsulent i NBK, rosa laga for aktivitet og også fylkeslaget som la til rette for tiltak som Samrådingsmøtet. - Satsingsområde :kvinner ut, bygg, Hjelp til Guatemala
Verving: møre og Romsdal einaste fylket som hadde auke i medlemstall.
Medlemskontingenten uendra.
Medlemsbladet skal heretter sendast med Posten.
Nytt prosjekt: snu flyttestraumen frå bygdene.
Minte om Inspirasjonsseminar i Trondheim.
Neste talar var fylkesleiar Monika Frisvold Vågan. Ho fekk også resten av styret fram på scena og presenterte dei.
Ønskte velkommen til medlemar frå Hornindal som no blir med i fylket vårt
Medlemar i M&R fylke er 591
Årsmøtet vedtok å lage ein adventskalender for å betre økonomien til fylkeslaget. - gevinster frå lokallag og næringsliv. Lokallaga skal selje desse.
Monika meinte at Bygdekvinnelaga må vere fornøgde med det dei greier å gjere, kan ikkje gjere alt.
Lokallagssending, - mange idear til kva vi vil jobbe med framover??
Kommunikasjon er viktig, sa Nonika, hugs å svare på epostane, meldingane du får !
Skolemat: søkt om pengar, fått 10000kr frå Sp Møre
Gjere prøveprosjekt
Gunvor Dyvik Friisvold ,representant i Studeforbundet næring og samfunn. Blir endring av dette.- Hugs å registr kurs for øk støtte.
Siste post på programmet på Martin Lingehuset var Arne Sandnes som skulle snakke meir om verdsarv. Han fortalde om kvifor Geirangerfjorden fekk verdarvstatus,og kva som må gjerast for å ikkje øydelegge det unike med busetnad og arbeidsliv rundt fjorden. Kva er utfordringane med masseturismen?
Dette førte til diskusjon, og det kom også ulike innspel som Monika vil ta med i arbeidet med planlegging av arbeidet i laget.
Slutt ca 16.30. då vart det ein kort pause før festkvelden på hotellet!
Kl 19.00 - Klare for festmiddag! Borda stod flotte og klare, Gitaristen vår Sten Even Holstad spela , Solveig ynskte velkomen til bords!
Festtalar var Eva Hilde Lingaas,- det var mange som kjende seg igjen i hennar betraktningar av kvinnelivet.
Maten var treretters og vart avslutta med kaffi og brownies,is og bær,- nydeleg !
Gitaristen Sten Even Holstad fekk også til eit improvisert kor og fekk heile gjengen med på allsong. Det skapte stemning!
- Søndag 15.09 vart det tur til Linge for å kjøpe frukt for dei som ønskte det, bassenget på Muritunet var klart kl 9.00 for dei som ville trimme litt. Elles kosa folk seg med turgåing, prat, strikking på hotellet.
Kl 11.00 kom Liv Randi Bjørlykke og heldt kåseri om Strikk og sy og litt til ! Ho fekk verkeleg latterdøra opp for fullt !
Så var det klart for trekking av lotteriet ! Der var utruleg mange flotte gevinstar, det vart selt mykje lodd,- og Nelly og Bjørg hadde full kontroll på trekking og gevinstar! - Var ein heldig vart det eplekasse, potetsekk, saft eller syltetøy, strikka sokkar eller garn og oppskrift, sminkeprodukt og m.m.m.-
Programmet vart avslutta med Lunch på hotellet. God, varm suppe med brød til smakte godt før heimturen i ruskeveret. Vel heim til alle !