Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Januarbilde frå verandaen.

Januarbilde frå verandaen.

Januarhelsing frå Sunneva.

 

HEI ALLE VBKarar!

Godt nyttår! Vi har starta på 2022, det er torsdag og kvite marker.

Eg kjenner meg litt innesperra og rastlaus når snøen fyk rundt alle vegger,

og fyller rutene med kvite spindelvevsteikningar.

I går var eg på handletur til Sylte med bere vegar og blank bil,

men før eg kom meg heim, var det kraftig snøkave og blåst.

I dag har den svarte bilen endra farge og form, han er grundig nedsnødd.

Gamlebilen har uteparkering, som de vel forstår.

Veret er variabelt for tida!

Så no når kvitfargen dominerer over alt ute, passar det bra med eit kvitt dikt også.

Her er mange vers med litt vanskelege ord, men dei kling godt.

Ute må du kave med snømåking, her må du kave litt med dikttydinga, passar perfekt.

KVIT NATT

av Henrik Rytter

Den dimme dagen seig i skuggal eim,

og natta lyfte fram sin hildreheim.

Det vart så stilt og høgleg og så vart

og jord og himmel dæmer åndebjart.

Den gråe fjorden vart lik fløyl å sjå,

djupsvart med gylne månesponga på.

Og skogen skin med kvitt på fiolett

og kløkke blenk frå rimglør tett i tett.

Og eng og bø i ålkvit æterglim

kring hildra hus i blåleg ljoskehim.

Snøfjella stig lik syn frå annan heim,

ein heilag draum, ein åndig ljoskekeim.

Å, alt så skirt og høgt i nattemund,

som anda ut frå Gud i denne stund.

_____

Her fylgjer nokre linjer frå Olav H. Hauge.

Eg likar spesielt siste linja.

Elvi sukkar i djuvet,

støkkjer sin havlengt til is,

og steinane søv under snøen

med grøne draumar i hjarta.

_____

Til sist ord frå ein mann med eit uvanleg namn

Frejlif Olsen:

Det finst optimistar som gler seg

til at det skal bli vinter,

slik at dei kan begynne å gle seg

til at det skal bli sommar!

_____

I dette snøgovet er det godt med grøne draumar

og å kunne gle seg til sol og sommar!

JANUARHELSING  frå SUNNEVA

som til vanleg bur i eit raudt hus.

I dag har huset blitt kvitmåla heilt gratis!