Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flotte bilde synest Liv Eldri og Magnhild.

Flotte bilde synest Liv Eldri og Magnhild.

Jubileumsstand.

 

Laurdag 12.03.22 vart 90-årsjubileet markert med stand på Sylte. Vi skulle selje dialektordbilda som var nylaga for anledningen, og dessutan vart det smaksprøver av frukt. 

Bilda er dekorative, 3 ulike i A3-format eller kvadratiske. Dei kosta 350 kr. Kan også kjøpast som plakat og kostar då 200kr.  - Det er Lilly Sandnes som har samla ord frå Valldal, og desse har blitt redigert av Sunneva Linge, Mette Valldal og Kristi Linge Stakkestad.

Veret var nydeleg, så borda vart først rigga til ute, men vinden friskna til, og vi måtte trekke inn i gangen ved Bakeriet. Det fine veret gjorde vel at det var lite lokale folk å sjå, og hytteturistane hasta forbi. Men det vart likevel litt salg, og det blir høve til å kjøpe seinare, t.d. på olsok der vi skal hjelpe til.