Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Glade jul!   Heilage jul!

Glade jul! Heilage jul!

Julehelsing frå Solveig.

 

Julehelsing .

Gode VBK-arar!

Jula kjem i år også!  Alt blir på ein annan måte dette året. Jula som står for det mest uforanderlege , fasttømra med tradisjonar- ja til og med ho blir annaleis.  Alt blir snudd på hovudet,  planar må skrotast og alt vi gjer må spritast. Men kanskje dette gjer at vi må tenkje på ein annan måte. Tenkje på kva verdiar vi har, godt helsestell, gode ordningar når noko står på og gode folk  rundt oss.  Vi har naturen som vi kan bruke heilt gratis utan koronasmitte.

VBK har kome seg bra gjennom dette året. Litt aktivitet har det vore og med  omsyn til smittvern  så har det gått fint.  Det har krevd  ekstra tiltak og meir plass,  men vi har hatt  mange  aktivitetar og møter  .  Det har vore  triveleg  når vi har møttest.  I denne korona tida så har det vore spesielt godt å ha samkomer og treffe medlemar.  Det sosiale livet har vore «trangt» , og eg trur og håper at  det å kome saman  har vore godt  for alle. Stor bonus å vere leiar i eit så aktivt lag med så mange  og kjekke medlemar.  Takk  til alle medlemane for innsats og for akkurat du er den du er!  Det er  DU som medlem som er med og gjer VBK til eit godt lag. Bygdekvinnelaget gjer ein forskjell!

Det er mange VBK- arar som har sendt helsingar og dikt på eposten,   veldig  kjekt å lese kommentarar og gode ord frå medlemane.  Tusen takk for alle desse.

Eg vil ynskje alle ei god julehelg  og eit godt nyttår!

Vi treffest på nyåret, og håper at vi får kvardagen vår att i 2021!

Varm helsing frå Solveig