Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Mange fann vegen til Sjukeheimen søndag.

Mange fann vegen til Sjukeheimen søndag.

Valldal Spelmannslag i storform, stilte opp gratis.

Valldal Spelmannslag i storform, stilte opp gratis.

Kaffi og kaker gjekk unna, og åresalet gjekk strykande.

Kaffi og kaker gjekk una, og åresalet gjekk strykande.

Julelag

Etter fleire koronaår, var det endeleg tid for at Bygdekvinnelaget kunne arrangere Julelag igjen. Vi var spente på korleis oppmøtet skulle bli, men det var fullt hus av pårørande og bebuarar frå alle avdelingane. Vi starta med allsong av nokre julesongar, Ingunn Linge Valdal stilte opp og akkompagnerte , tusen takk til henne. Deretter vart det kaffi og kaker, og Spelmannslaget kom og underheldt med feiande musikk. Dei hadde sagt at dei ville underhalde gratis! Tusen takk!

Til slutt vart det utlodning ved åresal, og det gjekk unna. Mange syntest det var kjekt med lotteri, og nokre hadde vinnarlykke, andre ikkje!

Tusen takk til May og Bodil som var på kafegruppa, til dei som laga kaker, til Astrid som leia allsongen, og også til dei andre som hjelpte til. Fekk gode tilbakemeldingar frå mange om at det hadde vore ein kjekk fest!

Foto: Bjørg Kleppe