Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Solveig ynskte velkomen til julemøte på Sylte hotell

Solveig ynskte velkomen til julemøte på Sylte hotell

Mange samla rundt koseleg langbord.

Mange samla rundt koseleg langbord.

Mange var svoltne etter boklanseringa, så vi starta med mat.

Mange var svoltne etter boklanseringa, så vi starta med mat.

Vi fekk fylt foccacia, og smørbrød med laks og rødbetsalat.

Vi fekk fylt foccacia, og smørbrød med laks og rødbetsalat.

Macronar og mykje godt til kaffien.

Macronar og mykje godt til kaffien.

Mathilde fortalde om historia til hotellet og fekk også høyre nye historier.

Mathilde fortalde om historia til hotellet og fekk også høyre nye historier.

Julemøte

Mykje stod på programmet torsdag 8.12.2022. Først var det boklansering med kaffi og marsipankake på Sylte hotell, og seinare på ettermiddagen vart det medlemstreff.

20 hadde meldt seg på, - Solveig ynskte velkomen og sidan mange hadde vore der lenge vart det matservering ganske raskt. Bilda over viser kva vi fekk servert, så vi åt godt av alle sortar. Veldig godt!

Eigarar av hotellet er Ole Henrik Uri og Mathilde Knutsen Uri. Mathilde serverte oss saman med Anna, og etterpå fortalde ho om historia til hotellet og korleis dei vart eigarar. Veldig kjekt å høyre. Ho fekk også litt nye opplysningar frå Petra Jemtegård som hadde arbeidd der i ungdomen. - Det vart også omvisning i resten av hotellet.

Etterpå vart det sjølvsagt åresalg, det var styret som gav gevinstar denne gongen. Mykje fint.

Alle var samde om at det hadde vore ein gild dag. Mange kjøpte også med seg jubileumsboka heim.