Junidugnad i Sansehagen!
Junidugnad torsdag 3.06.21.
Det var varmt og strålande sol, og på det meste var vi 14 ivrige hagefolk. - Ekstra gledeleg var det at eit par av bebuarane var med denne gongen, og elles var det folk frå Valldal og Fjørå Helselag, Bygdekvinnelaget og Pårørandeforeininga.
Vi fekk gratis nye jordbærplantar frå Kristin Sandnes, men desse var litt små, så vi dyrkar dei til neste år! - Linge gartneri spanderte mange, flotte nellikar, og resultatet vart derfor svært fargerikt og fint! - Dugnadsinnsatsen var imponerande, sjølv om nokre av oss måtte ha pausar i skuggen!
No er det berre å vente på at tomatar, jordbær, rips, bringebær og solbær kan bli modne og smakast på. Og paviljongen står klar for koseleg prat og kanskje kaffi eller is?
Takk til alle som var med, og takk for dei som heldt oss med kaffikos! - Håper mange er med på vatning i sommar!
Under er planen for dugnaden. - Kanskje ny dugnad om ca 1 mnd.
Plan for dugnaden 3.06.21
Sjukeheimsinngangen – fjerne georginer og stemor, plante hortensia. Fyll på med ny jord.
2.Gamlebygget – inngang. – Georgina må takast ut av potta og plantast på nytt. Sjå om er god drenering, eller om vi må tøme potta og fylle med leca, duk over o g ny jord.
- Rosebedet.- Fjerne ugras, spa langs kanten. Kva med liljer og tulipanar?? – fylle på meir jord.
3. Paviljongen og benk. – Ferdig med blomster. Terrakottakrukkene kanskje skrubbast?
4. Inngang ned mot barnehagen. - Plante i krukke.
5. Sjølve hagen. – fjerne ugras rundt bærbusker. Fylle på litt jord.
Jordbærpyramiden. - Plante nytt, men berre på dei to sidene som er mest mot sola. - Blomster på baksida!
Tomat- og urtekrukke. – fylle på jord og gjere klar. Manglar tomat og persille.
Blomsterkrukkene. - tøme dei to runde for jord og lage nytt med leca, duk og jord. Den eine vart tett i fjor.
Nytt: to små krukker til å ha på borda.
Elles: fjerne ugras på området, gjere det fint og koseleg.