Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Karin F. Svarstad viser forkle med sauemotiv.

Karin F. Svarstad viser forkle med sauemotiv.

Fine  strikkaplagg av villsaugarn.

Fine strikkaplagg av villsaugarn.

Villsaugarn og voven løpar til sals.

Villsaugarn og voven løpar til sals.

Mykje interessant å høyre for dei ca 20 som møtte opp.

Mykje interessant å høyre for dei ca 20 som møtte opp.

Karin Flatås Svarstad - "FÅREDRAG"

Onsdag 11.mars var det tid for Fåredrag i Frivilligsentralen sine lokaler i Stordal. Vbk arrangerte ope møte der tekstilkunstnar og kulturformidlar Karin Flatøy Svarstad skulle fortelje og vise bilde frå arbeidet sitt med ulla frå den gamalnorske sauerasen. 

Ho har arbeidd med ull i meir enn 40 år, og dei siste 25 åra har ho prøvd å bruke og utnytte ulla frå den gamalnorske sauen. På 1950-talet var det berre omlag 500 igjen av arten her i landet, men no er talet oppe i ca 70000. 

Ho kallar denne sauerasen arven frå vikingane, fordi vikingane tok med sauer på tokt, og derfor er kanskje den gamalnorske sauerasen stamfaren til sauene som no lever på t.d. Shetland og Orknøyane.

Dei siste 10 åra har ho drive med prosjektet "North Atlantic Native Sheep and Wool" . Det handlar om dei opphavlege gamle korthalesauerasene i Vesterled. Landa her har felles kulturarv knytt til sauehald, ull, kulturlandskap og småskalanæring.

Ein interessant kveld med mykje å sjå og høyre og litt du kunne kjøpe! - Kaffi og kaker høyrde også med, - Nelly, Mette og Elin serverte sveler, skuffekake og god kaffi !!  -  Ein triveleg kveld for dei 20 som møtte opp,- kanskje coronaen får ta litt av skulda??