Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kjevle forsiktig, snu leiven og ha på mjøl!

Kjevle forsiktig, snu leiven og ha på mjøl!

Fine kjeks klare til å ete eller ta med heim.

Fine kjeks klare til å ete eller ta med heim.

Gode med smør og brunost.

Gode med smør og brunost.

Oppskrifta. - Vi måtte elte inn litt meir kveitemjøl.

Oppskrifta. - Vi måtte elte inn litt meir kveitemjøl.

Matvarene er klare.

Matvarene er klare.

Elevane jobba godt.

Elevane jobba godt.

Kulturdag.

Fredag, 6. februar var det kulturdag på Valldal skule. Det var elevar på mellomsteget frå dei 3 skulane i kommunen som deltok.
Dei fekk velge 2 aktivitetar, og Valldal Bygdekvinnelag stilte opp på skulekjøkkenet. Vi skulle lage grovkveitekjeks, og det var Aase, Bjørg, Solveig og Judith som fekk ansvar for kvar si gruppe. Vi laga deigen i lag, måtte ha i litt meir mjøl,  og alle fekk vere med å bake ut og stikke ut kjeksa.

 Tida var knapp, men vi rakk både rydding og oppvask, - og sjølvsagt smake på kjeksa. Dei smakte godt med smør og brunost, og fleire ville lage når dei kom heim.
Elevane var kjekke og greie og jobba godt. Og vi vaksne hadde ei triveleg stund i lag med dei.

Sjå oppskrift på eit av bilda.

Foto: Bjørg og Judith