Kulturdag på Vallal skule
Tysdag 27. mai var det kulturdag for småskulen i Fjord kommune. Denne gongen var det samling på Valldal skule, og Vbk vart spurt om å ha ei gruppe på skulekjøkkenet. Tida var knapp, men vi fekk laga bolledeig og skar opp frukt medan deigen heva. Det vart eit kort friminutt før bollane kunne bakast ut, dei fekk lov å ha i rosiner eller sjokolade.
Niste hadde dei med, og så fekk dei vere ute litt lenger. Det var stas å kome på ny leikeplass og å treffe andre dei kjende. Vi vaksne var inne og steikte bollane, og så var det smaketid og deling av bollane. Dei fekk med heim nokre bollar kvar, det var kjekt.
Rolege og kjekke elevar! - Både små og store kosa seg, så dette kan vi gjere fleire gongar!
Foto: Judith og Bjørg