Kulturminnedagen 2018
Laurdag 8. september, kl. 11 - 16, var det stor aktivitet på Husflidshjørnet i Valldal.
Norddal husflidslag og Valldal Bygdekvinnelag gjekk saman om eit arrangement. Husflidslaget viste viste fram ulike handverksteknikkar og hadde mykje fin husflid til sals og lotteri !
Bygdekvinnelaget hadde sal av tradisjonskaker og kaffi, og ein fekk prøve å bake tjukklefse! - Eller ein kunne berre kjøpe og smake. Mette Marie Døving hadde laga ein deig som var god både å smake og bake !