Kurs i beskjering av frukttre på Linge.
Fredag, 12.03.21, samla ein gjeng hobbyfruktdyrkarar seg på Linge. Vi var på garden til Signe og Elida Brenna, ein av dei største fruktgardane på Linge. Signe skulle prøve å lære oss om beskjering av frukttre.
Vi var rundt på forskjellige område slik at vi fekk sjå dei ulike tretypane. Dei har både epler, pærer, moreller og plommer. Og det er sjølvsagt mange sortar av kvar frukttype, og ulike eplesortar skulle beskjerast forskjellig! - Vi høyrde fine namn som Fritjof, Anna, Kristina, Discovery, Aroma og gamle, gode gravenstein.
Dei hadde både gamle og nye tre, og mykje har forandra seg når det gjeld beskjering. Dei gamle, store trea treng anna behandling enn nyplantingane. Det vi la spesielt merke til var at dei nye trea var planta nesten som ein hekk med ca 1 meters mellomrom, og hadde ein stamme rett opp og greinene rett ut til sides.
Det viktigaste å tenke på ved beskjering var å få fornying, derfor skal du fjerne gamle greiner og ta vare på nye, unge greiner. Elles kan du fjerne skot som berre går rett opp, men ikkje kutte lengda på greinene. Det er også viktig å fjerne greiner som skygger for andre, og skal du kutte større greiner inn mot stammen er det viktig at det står igjen ein stubb på ca 5 cm. Viktig for at ikkje stammen skal ta skade. Du skal heller ikkje beskjere i regn og ruskever, det kan gi roteskader.
Vi fekk mykje meir info også, og dei fleste såg mykje dei gjorde feil! Vi fekk også prøve oss med saksa, litt skummelt, men det var nokre modige sjeler! - Så til hausten blir det nok superavling!
Etterpå fekk vi nyte kaffi og gode kanelbollar på den store verandaen til Signe. Der var det flott utsikt til fjord og fjell!
Vi seier tusen takk til Signe for alle gode tips og råd!