Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Terese Jemtegård, Jannike Tafjord og Elida Brenna Linge.

Terese Jemtegård, Jannike Tafjord og Elida Brenna Linge.

Glade sangfuglar frå Ukraina.

Glade sangfuglar frå Ukraina.

Kjekt med godt frammøte.

Kjekt med godt frammøte.

Fullt på Biblioteket, men sveler, skuffekake og eplecider på plass.

Fullt på Biblioteket, men sveler, skuffekake og eplecider på plass.

Kvinner kan

KVINNER KAN
VBK inviterte til kulturkveld torsdag 16. mars kl. 18.30 på biblioteket i Valldal.

Innflyttarar frå Ukraina var spesielt inviterte. Dei underheldt med sang og musikk, og såg ut til å kose seg på treffet. Nokre kom hit i haust, og andre var nettopp komne til Valldal. Dei var i slekt og kunne hjelpe kvarandre. Fin musikk og sang frå Ukraina, men avslutta med Sommarfuggel i Vinterland! - Rørande !
Det var dekka til 30, men det vart for lite stolar og fleire måtte hentast.
Leiar Solveig ønskte velkomen, og så starta programmet med ukrainsk song
av ei kvinne frå Ukraina. Ho song flott og engasjerande.

Terese Jemtegård Moen frå Fjordhagen hadde neste programpost.
Fjordhagen skal hjelpe til med næringsutvikling, bedriftsutvikling og samfunnsutvikling.
Verdiar: Berekraftig, utvikling og samarbeidsorientert, kompetanse og tillit.
Fjordhagen vart stifta i 2002, Fjord kommune er ein av fleire aksjonærar.
Der er to tilsette, og styret har folk frå heile kommunen.

Neste dame ut var Jannike Tafjord frå Eidsdal. Ho har ein gard med 300 geiter.
Ho var kokk i 16 år før ho tok over. og er oppteken av rein mat og opne landskap.
Dama er allsidig, er med i Vien og Hanen og har fleire tillitsverv.

Kaffipausen kom, og vertinnene for kvelden serverte sveler og skuffekake.
Det vart også tid til litt kaffidrøs. Elida hadde spandert eplemost til velkomstdrikk.
Etter pausen starta fire frå Ukraina opp med musikk og song.
Programinnslaget kvikka opp, og folk klappa med.

Siste ut var Elida Brenna Linge busett på Linge. Elida var odelsjente på Lingebakken
og overtok frukt - og bærgarden i 2017. Ho driv garden saman med ektemann og mor.
Dei har starta opp med produksjon av most og sider og har fått drahjelp frå Fjordhagen.
Siste året hadde dei 4 ulike mostar. Sidermentor er Skarbø på Stranda.

Alle som hadde programinnslag, fekk kvar si flaske eplemost frå Lingebakken.
Elida fekk ei plante. Åresalet til slutt gjekk strykande.
Det var mangt å vinne, også nokre eplemostflasker. To smågutar frå Ukraina var heldige
og vann kvar sin pose med sjokolade og påskeegg.
Til slutt takka leiar Solveig for ein fin kveld med mange oppmøtte.

Sunneva skrivar

Foto: Bjørg Kleppe