Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Vi er i gang! - Kvissmaster Eva Hilde Lingaas og Bjørg frå Vbk.

Vi er i gang! - Kvissmaster Eva Hilde Lingaas og Bjørg frå Vbk.

Godt humør og 18 deltakarar! - God start.

Godt humør og 18 deltakarar! - God start.

Spørsmåla var varierte, og gav oss mykje å gruble på.

Spørsmåla var varierte, og gav oss mykje å gruble på.

Kviss

I dag, tysdag 17.11.21, var det tid for premieren på "Kviss på dagtid" på biblioteket i Valldal. Initiativtakar og kvissmaster var Eva Hilde Lingaas, og Bygdekvinnelaget stod for arrangementet. Bjørg Kleppe ynskte velkomen på vegne av laget, og gav så ordet til Eva Hilde. 

Vi var veldig spente på frammøtet, men det gjekk over all forventning. Det vart 18 personar fordelt på 4 lag, så det var godkjent. Men der er plass til fleire.

Planen er at dette skal bli fast på biblioteket siste onsdagen i månaden. Vi startar i januar.

Det blir høve til å kjøpe seg kaffi og noko attåt. I dag var det bollar frå Sylteormen Bakeri, 40 kr kosta det. Betaling med pengar eller Vipps.

Vel møtt i januar!