Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kviss 2026

Kjekt å møtast til ny kvissrunde. Eva Hilde stilte med nylaga spørsmål, og vi hjelpte kvarandre så godt vi kunne. Det var spørsmål om kva to byar vinter-OL skal arrangerast i, kva tyder det svenske ordet vintergatan, og ikkje minst,- kor mange ferjestrekningar har vi i Norge?

Vi trykte oss saman på to bord, men er vel best om vi deler oss slik at alle lettare får vere med på diskusjonane.

Takk til Bjørg og Eva Hilde, - denne gongen vart det samling etterpå på bensinstasjonen. Kjekt !

Velkommen til neste kviss, onsdag 4. februar.