Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Svelene til Solveig smakte nydeleg!

Svelene til Solveig smakte nydeleg!

Full konsentrasjon!

Full konsentrasjon!

Solveig takkar Eva Hilde for innsatsen som kviss-leiar.

Solveig takkar Eva Hilde for innsatsen som kviss-leiar.

Hm... På kva høgde ligg Muldalen?

Hm... På kva høgde ligg Muldalen?

Kviss med sveler!

 

Onsdag 27.04.22 var det klart for siste Kviss på dagtid for denne sesongen. Det såg litt mørkt ut med deltakarar, men plutseleg dukka folk opp, og det vart 3 fullpakka bord. Det var bra, for Solveig stilte med nylaga, nydelege sveler, og dei gjekk unna.

Denne gongen opna Eva Hilde med " Songen til bygda", og då vart det ein del lokale namn og litt av kvart. Vi måtte finne ordførarar frå 1962 ,- 1972 og 1982! - Kva tid TK1 starta produksjon, kva slags gruvedrift var i Tafjord, og kvifor er det ikkje hoggorm overalt på Eidsdalssida?. Kor mange innbyggjarar i Eidsdal, namn på tunellane frå Linge, men også namn på fuglar, blomar og småkryp. Til og med songtekstar måtte vi fullføre. Og sjølvaste presidentfrua i Frankrike greidde vi å avsløre!

Eva Hilde er flink til å bruke musikk og bilde til spørsmåla sine, så det blir variert og kjekt! - Gler oss til hausten og nye, spennande kategoriar!