Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Lefsebaking.

Lefsebaking.

Godt utstyr må til.

Godt utstyr må til.

Lefsebakingskurs

Laurdag 4. februar arrangerte Valldal Bygdekvinnelag kurs i lefsebaking. Det var hardingar som sto på programmet denne dagen, og kursleiarar var Nelly og Solveig.

Dei heldt til på kjøkkenet ved Valldal skule, der var det god plass både til baking, steiking og smørjing. Det hadde meldt seg på 6 deltakarar, og dei gledde seg til å lære, slik at dei kunne ha bakstedag heime. Oppskrifta dei brukte var enkel og veldig god å bake ut, så dei var svært fornøgde.

Alfred Nilsen frå lokalavisa Storfjordnytt var der og tok bilde og laga fin reportasje. 

Storfjordnytt