Maitreff på Linge
«Vårens vakraste eventyr»
Torsdag, 11.mai vart vi invitert til Linge. Først var vi hos Lingebakken frukt og cider. Det var mannen i huset, Peje, som tok imot oss. Han viste oss den gamle gjødselkjellaren som dei hadde gjort om til produksjon av eplemost og cider. Det var interessant og spennande å høyre om alle stega i produksjonen. Det var mykje som måtte passast på med rett tid for hausting av epla, gjæring, temperatur, omsiling og mykje, mykje meir! Vi var enige om at dette var tidkrevjande og at ein måtte vere nøyen med alt.
Etterpå var vi ein tur i dei flotte drivhusa som sonen til Solveig, Peder, driv på Linge. Der var det no fristelsar i alle vakre fargar og storleikar! Så nokre av oss berre såg, andre nytta høvet til å kjøpe med heim.
Møtet fekk vi halde hos Solveig, og vertinnegruppa hadde laga sveler og nydeleg eplekake og sjokoladekake. Alt smakte fortreffeleg!
Sunneva hadde funne fram nokre vårsongar, det var kjekt å synge litt igjen. Så det må vi hugse til neste møte.
Elles vart det snakka ein del om ein konferanse 6. juni som Vbk skal organisere mat til. Og også olsok som vi er med på å arrangere. Folk måtte melde seg som hjelparar.
Tusen takk til Solveig for at vi fekk kome til deg og Linge, og også takk til vertinnegruppa som hadde god mat og mange fine gevinstar! Vertinner var: Gerd, Judith, Sunneva og Linda.
Foto: Kristi Linge Stakkestad og Judith