Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Naturen vaknar etter vintersvevnen.

Naturen vaknar etter vintersvevnen.

Marsdikt frå Sunneva.

 

MARS
Fullmånen stod over Dalsbygda i natt.
Måneskinet leika over småkrusete bylgjer på sjøen.
Strålane laga blinklys i den urolege plasten på eit drivhus.
Høgt oppe på himmelen, midt mellom dramatiske skyformasjonar -
ein rund måne som lyste og lyste. Fredeleg og vakkert!

OSPETRE, LAUVET DITT BLENKJER KVITT I MYRKRET
er skrive av Paul Celan (1920 - 70) fødd i Tsjerniv i noverande Ukraina.
Diktet finst i I samlinga «Dikt i umsetjing" av Olav H.Hauge.
Eg tenkjer på Russland som krigar i Ukraina, når eg les det.
Der har tydeleg vore lidingar og krigskampar, også før vår tid.
Og lyset frå bombebrannar ville nok konkurrere sterkt med det stille måneskinet,
dersom fullmånen stod over Ukraina i natt.

OSPETRE; LAUVET DITT BLENKJER KVITT I MYRKRET
Ospetre, lauvet ditt blenkjer kvitt i myrkret.
Mors hår vert aldri kvitt.

Løvetann, so grønt er Ukraina.
Den ljosleitte mor mi kom ikkje heim.

Regnsky, kvi drygjer du yver brunnen?
Den stille mor mi græt for alle.

Runde stjerne, du vind den gylte sløyfa.
Mors hjarta vart såra av bly.

Eikedør, kven lyfte deg av gangjarni?
Den milde mor mi kan ikkje koma.

Helsing frå Sunneva med ønskje om ei fin og fredeleg helg.