Medlemsmøte
Torsdag 28.februar var det medlemsmøte på Lingestova på Martin Lingehuset.
Solveig orienterte om:
- innsendt søknad om å bli årets lag i Bygdekvinnelaget.
- aksjon skulefrukost som startar no i mars på Valldal Ungdomsskule. Måndag, onsdag og fredag blir det servert graut !
- 14. mars blir det arrangert Forteljarkveld på M.L.huset. Vbk skal servere kaffi og mat.
- Tradisjonsmatkurs.- Brita og Elisabeth reiser på kurs til Bergen og skal seinare ha kurs i bygda.
- Mette orienterte om nytt prosjekt som Nbk er med på saman med Utviklingsfondet.Prosjektet går føre seg i Guatemala og prøver å få til "hjelp til sjølvhjelp ".
- vervekampanjen har også gitt resultat, - fleire nye medlemar i laget !
- Solveig orienterte også om Årsmøtet som skal vere i Kristiansund, samrådingsmøte for heile fylket i Valldal og eit inspirasjonsseminar i Trondheim. Dette kan medlemane melde seg på, men må då betale det meste sjølv.
- Mat må til !! - Mette Marie hadde kokt smakfull byggrynssuppe og Nelly nydeleg Kvæfjordkake.
- Åresal hadde vi sjølvsagt også,- vinnarlukka var ikkje likt fordelt dessverre !
- Elles vart det god prat rundt bordet, og nokre hadde med spøt ! Strikketøy altså!