Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Bakeriet vårt.

Medlemsmøte

Samla rundt koseleg langbord

Samla rundt koseleg langbord

Hillevi og Gerd bak disken

Bak disken

Den flotte og gode  jordbærkaka!

Den flotte og gode jordbærkaka!

Kjekt å sjå Olaug på møte igjen

Kjekt å sjå Olaug på møte igjen

Medlemsmøte 12.09.16

Alle som var med på vandringa gjekk vidare til medlemsmøtet på Sylteormen Bakeri.

Solveig ynskte velkomen og gratulerte Hillevi Hovden med det nystarta bakeriet i sentrum av Valldal.

Hillevi fortalde at dette var ein draum som hadde gått i oppfyllelse, og at starten no i sommar hadde gått svært bra. Ho hadde hatt 10 personar i jobb, og dei sleit med å ha nok bakervarer. Er spent på korleis det går no når turistsesongen er over. Prøver seg fram med kva bakverk som slår an. Bruker namn frå Snorre, td Olavsbrød, Sagaknutar, Snorrebrød.

Vi fekk servert nydeleg pastasalat med fleire typar brød til. Kjempegodt !  og som de ser av bilda vart det også kaffi og kaker, super jordbærbløtkake og deileg sjokoladekake som også hadde eit lag med jordbær.

Solveig orienterte om oppgåvene til laget ved opninga av Martin Lingehuset. Det skal vere opning av idrettshallen laurdag 1. oktober med parade og aktivitetar. Vbk skal sjølvsagt vere med på paraden, så vi må tenke ut korleis vi skal presentere oss.

Laurdag 8.oktober vert det bygdafest i kultursalen.

Laget skal  ha ansvar for innkjøp og klargjering,  lage dugnadslister og vaktlister for begge dagane.

Det også bakast mykje.

Sunneva og Solveig las ord til ettertanke og så var det sjølvsagt åresal og utlodning. Hillevi spedde på gevinstane med bakervarer, så det var fornøgde, heldige vinnarar.

Nok ein kjekk kveld i lag.