Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Leiaren i Nbk, Jorun Henriksen, får Seterboka som takkepresang!

Leiaren i Nbk, Jorun Henriksen, får Seterboka som takkepresang!

Kjekt med leiarbesøk på medlemsmøtet.

Kjekt med leiarbesøk på medlemsmøtet.

Lenge sidan vi hadde åresal p.g.a. korona.

Lenge sidan vi hadde åresal p.g.a. korona.

Laurdag var 17 damer frå ulike kommunar på organisasjonskurs.

Laurdag var 17 damer frå ulike kommunar på organisasjonskurs.

Leiaren i Nbk, Jorun Henriksen.

Leiaren i Nbk, Jorun Henriksen.

Styret i Vbk saman med Jorun Henriksen og leiaren i M&R Bygdk., Liv Borghild Hildre.

Styret i Vbk saman med Jorun Henriksen og leiaren i M&R Bygdk., Liv Borghild Hildre.

Medlemsmøte og organisasjonskurs.

Valldal Bygdekvinnelag med besøk av NBK- leiar Jorun Henriksen og  styret i Møre og Romsdal Distriktslag.

Valldal bygdekvinnelag hadde ei strålande helg 22. og 23.okt med  mykje aktivitet. Leiar Jorun Henriksen hadde eit to dagars besøk i Valldal. Ho kom i eit ruskever men det la ikkje dempar på noko. Dette var eit anna landskap enn flate Frogn ved Drøbak. Sjølv om skodda og regnet var rådande, så syns ho dette var eit storslege syn når ho kom inn i fjorden.

Det vart eit triveleg møte med ein glitrande god leiar.  Medlemsmøtet på fredag vart veldig godt. Ho yttrykte glede ved å få besøke lokallag, og sa at det var bonusen ved å vere leiar. Det er lokallaga som ER Bygdekvinnelaget, og administrasjonen arbeider for å serve desse på best mogleg måte.  Ho fortalde om seg sjølv og om lokallaget som ho kjem frå. Ho hadde mykje god inspirasjon å gje oss, og ho er ei hardt arbeidande kvinne som også jobbar på gartneriet heime i Frogn. Medlemane vart oppfordra om å stille  spørsmål. Ho sa at  ingen måtte sete att med spørsmål når ho var reist. Det vart ein hyggeleg pratekveld. Maten var salat med byggryn og brød. Kaffi og kaffimat  attåt. No når det er opna opp att, så ville vi også ha  åresal: Jorun Henriksen var så nysgjerrig på desse årane, dette hadde ho ikkje sett før! Ho studerte dei grundig, og ho syntest dei var både nyttige og velbrukte-

Laurdag 23.okt var det seminar om organisasjonen Bygdekvinnelaget/NBK.  Til denne dagen var det invitert medlemar frå andre lag  i fylket. Jorun hadde hovudinnlegget.  Her snakka ho om prosjekt som NBK har. Tradisjonsmat er eit prosjekt, traust med veldig trendy!  Ho hadde mykje fokus på norsk mat og matproduksjon. Ho spøka med at butikkhyllene var ikkje lenge nok tomme i koronatida  til at vi forstår kor viktig det er med beredskap. Ho hadde sterke argument for at vi  må vere  meir sjølvforsynt med mat!    Ho auste av eit stort og viktig tema, og tilhøyrarane tok godt i mot!  

Siste delen av dagen var det studieleiar Mette Valdal som hadde. Det var eit opplegg med dialogkafe, og det vart arbeidd i grupper. Det var 3 spørsmål som gruppene fekk:                                                                                                                                                                                    - 

- Kva syns du skal vere VBK si rolle i bygda/kommunen?                                                                                                                                             -  Kva kjenneteiknar ein god organisasjon?

- Korleis skal vi gå fram for  å rekruttere nye medlemar?                                                                                                                                                                                                                           

Dette var gode spørsmål og det kom også gode svar. Det var ein nyttig og god sekvens og ein interessant debatt. Deltakarane syns det var verdt å bruke ein laurdag på dette. Det var inspirasjon og bevisstgjering på at vi er ein organisasjon som har mange og meiningsfulle roller i bygda og nærmiljøet vårt.

Solveig Linge Stakkestad

Foto: Bjørg Kleppe