Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Vervepris til Nelly!!

Vervepris til Nelly!!

Godt med byggrynsmat frå Mette Marie .

Godt med byggrynsmat frå Mette Marie .

Klar for åresal ! Vårblomster  som gevinstar.

Klar for åresal ! Vårblomster som gevinstar.

Medlemstreff.

 

Kjekt medlemstreff på Lingestova.!

Solveig, leiar, ynskte velkomen med diktet «Venskap».
Så vart det vist ein videosnutt laga av NBK sentralt
der m.a. Tylldalen bk. fortalde gjennom ord og bilde om aktivitetene i laget.
Laget har mange ulike aktivitetar som passar for fleire aldersgrupper.
Solveig las «Fødestogo i butikk» etterpå. Der var det den lokale butikken
som tok over alle moglege aktivitetar og plasserte dei på rett plass i butikken.
Fødestogo vart visst plassert ved sida av bleiehylla.

Mette Marie hadde laga bygg-grynssalat og byggbrød. Svært godt!
Else hadde med fersk Mor Monsen til kaffen, og Bodil kom med ei restekake 
som hadde vore i frysaren. Alt smakte godt.
Før maten las Mette diktet om bonden Paavo. 
Rugåkeren hans fraus fleire år og dei måtte blande bork i brødet. 
Første året åkeren klarte seg, blanda dei likevel bork i brødet -
fordi åkeren til grannen hadde frose ————.

Leiar og nestleiar hadde vore på fylkesårsmøte. 
Der var tema Norsk mat og Tradisjonsmatskule.
12. - 15. september blir det Samrådingsmøte i Valldal med 
Valldal bygdekvinnelag som arrangørar. 
Neste medlemsmøte blir 29. april.

Sunneva Linge skrivar