Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Februartreff

Februartreff

Bjørg ønskte velkommen.

Bjørg ønskte velkommen.

Solveig tok opp lagsnytt.

Solveig tok opp lagsnytt.

Solveig klar for kake.

Solveig klar for kake.

Medlemstreff

Torsdag 16.februar var det klart for nytt medlemstreff. Godt frammøte på omlag 20 , og vi vart ønskt velkomen av Bjørg med eit vers frå Erik Bye " Dagen i dag det skal bli din beste dag."

Deretter tok Solveig opp lagsnytt.

Hovudinnslaget var " Historia mi" av Randi Flø. Og det vart ei kjekke stund der vi fekk høyre korleis ho vaks opp på ei øy utanfor Ulsteinvik, ungdomstida og utdanning og opplevingar før ho kom til Valldal som redaktør i Storfjordnytt.

Deretter vart det sveler og kake som vertinnene hadde laga, og det var også dei som ordna gevinstar til åresalet. Vi hadde fått nokre nye medlemar siste tida, så dei vart tatt i mot med glede. Godt med nye folk, tankar og idear! - Praten gjekk i allfall livleg!

Tusen takk til vertinnene: Liv Eldri, Randi, Jorunn ( Grete)