Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Nydeleg haustdekorasjon.

Nydeleg haustdekorasjon.

15 av medlemane hadde ei koseleg kveldsstund.

15 av medlemane hadde ei koseleg kveldsstund.

Mange hadde med strikketøy !

Mange hadde med strikketøy !

Solveig og Nelly orienterte frå både Nbk og fylkesstyret.

Solveig og Nelly orienterte frå både Nbk og fylkesstyret.

Mat på smittevernvis! Veldig godt!

Mat på smittevernvis! Veldig godt!

Medlemstreff i september!

 

Torsdag 24.september var det endeleg medlemstreff igjen! - 15 damer var klare med strikketøy og snakketøy!! på Martin Lingehuset. Vi vart plasserte med god avstand, 2 på kvart bord, og maten var Rislunch og god baguette bestilt og pakka i plast. 

Alle fekk ei fin rose som velkomstgåve, og Solveig ynskte velkomen. Ho snakka litt om info frå Nbk, m.a. om Guatemala som laget støttar med midlar.Laget arbeider også med utarbeiding av nye strategiar for åra som kjem.

Elin Smoge las dikt av Ivar Ringdal, ein lokal diktar frå Hellesylt.

Bjørg orienterte om Hyggestunder som skal vere på Sjukeheimen utover hausten i staden for fredagskafe m.a. Vbk skal vere ansvarleg for 2 før jul.

Nelly hadde nytt frå Fylkesstyret. Dei arbeidde med adventskalenderen. - Samrådingsmøte er utsett til neste år og Årsmøte i Fylkeslaget blir på Parken i mars.

Aktivitetar framover: - 16. oktober skal vi markere verdas matvaredag. I år er temaet:  Slakt - bruk heile dyret! - Presentere temaet ved hjelp av plansjar o.l., lage smaksprøve av lam. Stand utanfor Sylteormen??

15. november er det årsmøte på Jordbærstova.

Takk for ein triveleg kveld!