Novemberkviss
Triveleg kvissøkt på onsdag 4. november. Denne gongen hadde Anette Waldal laga 25 spørsmål, så det var spennande. Ho var der ikkje denne gongen, så Eva Hilde las opp spørsmåla. Tusen takk, Anette!
Det var spørsmål om alt frå pinnedyr, matematiske formlar, samisk noide, larer. silkeormer og håplause årstal! Og kven var/er Robert Zimmermann?
Og no veit Judith kva/kvar Kaliningrad er! - Men kor lenge varer det?
Tusen takk til Eva Hilde som stiller opp gong etter gong. Det gjer godt både å tenke, gruble, le, ha lyse og mørke stunder.
Og etterpå gjekk mange av oss på Bakeriet.
Vel møtt til desemberkviss 2. desember.