Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Godt frammøte på novembertreffet.

Godt frammøte på novembertreffet.

Aase Opskar fortalde om produkt frå Tuppervare.

Aase Opskar fortalde om produkt frå Tuppervare.

Bjørg var møteleiar og diktlesar.

Bjørg var møteleiar og diktlesar.

Nokre fekk plass i sofaen.

Nokre fekk plass i sofaen.

Gode rundstykker til matpausen.

Gode rundstykker til matpausen.

Vinnarlukke for Liv! - Ho vann og vann på åregevinstane!

Vinnarlukke for Liv! - Ho vann og vann på åregevinstane!

Koseleg heimelaga gevinst frå Aase.

Koseleg heimelaga gevinst frå Aase.

Novembertreff

Torsdag 10.11.22 hadde vi novembertreff på Biblioteket i Valldal, og vi vart vel 18 medlemar.

Aase Opskar er forhandlar av Tuppervare, og ho hadde med seg katalogar og varer som vi kunne studere og også bestille om vi var interessert. Så sjølv om mange hadde ein del frå før, så vart det nok litt supplering.

Bjørg Kleppe leia møtet og starta med å lese gode ord for dagen. Eva Muribø skulle fortelje om livet sitt, men ho vart dessverre sjuk, så det gjekk ut. Men vi kosa oss med god mat og prat, snakka også litt om planen for neste år. Vi syntest vel at forslaga frå styret høyrdest bra ut, lite nye forslag.

Åresalet vart vellukka med mange fine gevinstar. Det var vertinnene som ordna dette, og Aase Opskar kom også med ekstragevinstar! Tusen takk! -  Vinnarlukka var det ikkje alle som hadde, men Liv og Gerd hadde mest flaks denne gongen.

Vertinner var Turid Aspehjell, Inger Gilje Sandnes, Randi Hole Heggen
og Merete Myklebust. - Tusen takk til dei !

Adventsskalender! - Nelly har også i år styra mykje med kalenderen som skal gi pengar både til fylkeslaget og Vbk. No hadde ho med seg 200 stk, så kvar medlem vart oppmoda om å selje iallfall 5. - 100 kr på stk og mange flotte gevinstar frå heile fylket.