Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Ny logo!

 

Arbeidet med ny logo har vore ein grundig prosess for administrasjonen i NBK:  Vi har stilt oss tre spørsmål:  Kven er vi?—Kva er viktig for oss? – Kva alderspenn har vi?

Bygdekvinnelaget er ein inkluderande og aktiv organisasjon med kraftfulle og engasjerte medlemar. Vi er opptekne av fellesskapet i bygdene, bidreg til levande lokalsamfunn  og tradisjonar.

Vi er stolte over mangfaldet vårt, vi er forskjellige men likevel like!

Saman er vi sterke.  Rundingen er symbolet på det. Dette  ynskjer vi at den nye logoen skal fortelje oss.    

 Vi håper at medlemane likar den nye, og at vi etter kvart blir  glad i denne.

 

Solveig