Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Truande skyer, men opphaldsver!

Truande skyer, men opphaldsver!

Fullt rundt alle bord, folk kosa seg i lag.

Fullt rundt alle bord, folk kosa seg i lag.

Matbillettar hos Magnhild og Linda.

Matbillettar hos Magnhild og Linda.

Vaflar, kaffi og saft gjekk unna. Rørt jordbærsylte i store mengder!

Vaflar, kaffi og saft gjekk unna. Rørt jordbærsylte i store mengder!

Vaktskift og nye vaffeldamer.

Vaktskift og nye vaffeldamer.

To blide damer!

To blide damer!

May og Dagrun klar med pølsene.

May og Dagrun klar med pølsene.

Nina og Oddfrid klar til innsats.

Nina og Oddfrid klar til innsats.

Rømmegrauten er klar!

Rømmegrauten er klar!

Speakerteneste og underhaldning med flott song og musikk.

Speakerteneste og underhaldning med flott song og musikk.

Lions ordna parkering på Rådhussletta i år også.

Lions ordna parkering på Rådhussletta i år også.

Populært for dei minste!

Populært for dei minste!

Klar, ferdig, - gå!

Klar, ferdig, - gå!

Litt av kvart å kjøpe.

Litt av kvart å kjøpe.

Olav den heilage kom også!

Olav den heilage kom også!

Lars Jonas og rallybilen.

Lars Jonas og rallybilen.

Olsok i Valldal

90 kg rømmegraut - 40 liter vaffelrøre!
Valldal bygdekvinnelag hadde matsalget på olsokfeiringa.

Laurdag 25. juli vart det olsokfeiring i Valldal på tradisjonelt vis. – Vanlegvis skin sola frå skyfri himmel, ikkje slik i år, det var kjøleg , men opphaldsver! Takk for det!

Og folk samla seg på Sylte torg og området rundt, og det var Jordbærdilt og andre løp, med medaljer til dei små og premiar til dei store. Alle deltakarar fekk ei jordbærkorg med verdas beste bær! - Der var også hoppeslott og sklier for barna, og mange salsboder der du kunne bruke litt pengar! Du kunne sjå rallybil og  ta selfie med Olav den heilage !

Valldal Bygdekvinnelag var med i arrangementskomiteen saman med Valldal Idrettslag, Hornmusikken og Lions.  Desse laga har vore med på mange planleggingsmøter, mykje må klargjerast, bestillast og avtalast.

Valldal Bygdekvinnelag sto for matsalget, - det var vaffelsteiking, 90 kg rømmegraut og pølser, kaffi og saft. Vi hadde fått med nokre hjelparar utanfrå, men elles var det medlemane som var i telt og boder. Og maten gjekk unna, det var mykje skryt både for den nyrørte jordbærsylta (takk til May og Rigmor!)  og safta frå Safteriet. - Vaflane var også supergode, 40 liter røre - stor takk til Mette Marie.

Nelly, Solveig og Bjørg gjorde også god innsats med loddbøkene, både å skaffe gevinstar og selje lodd i butikk.

Mykje folk samla seg i år også, det var fullt rundt borda og det var kjekt å møte folk som kom heim for å delta på løp eller berre vere der!

 Humøret var på topp både hos frivillige og gjestane, sjølv om det av og til vart litt kø. – Men Nelly, Solveig og Bjørg hadde kjøpt inn og organisert godt slik at det meste gjekk som smurt. Og butikkane var nær om vi mangla noko. 

Oppryddinga gjekk også greitt, Mette Marie gjorde flott jobb med å få vaska utstyr slik at det kunne settast på plass på Klubbhuset.  Og vi var også med på oppryddinga av benkar og bord, men fekk då god hjelp av mannlege familiemedlemar.

Olsokfeiringa i sentrum var over, nokre var veldig slitne, men også fornøgde med at alt gjekk så bra.

Kanskje gjer vi jobben også neste år?

Foto: Judith, Bjørg og Magne.