Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flott ver samla mykje folk på Sylte torg.

Flott ver samla mykje folk på Sylte torg.

Gerd selde matbillettar for drikke, rømmegraut, pølser og vaflar.

Gerd selde matbillettar for drikke, rømmegraut, pølser og vaflar.

Vaffelpressa gjekk varm,- nysteikte vaflar med mykje nyrørt jordbærsylte på!

Vaffelpressa gjekk varm,- nysteikte vaflar med mykje nyrørt jordbærsylte på!

Bjørg og Mette i rømmegrautbua.

Bjørg og Mette i rømmegrautbua.

Ellinor og Turid i aksjon

Ellinor og Turid i aksjon

Petra på plass på vaffelvakt.

Petra på plass på vaffelvakt.

Nyrørt jordbærsylte og rømme!

Nyrørt jordbærsylte og rømme!

VBK hadde stand og selde dialektbilde og Seterbok.

VBK hadde stand og selde dialektbilde og Seterbok.

Olsokdugnad

I olsokhelga var Bygdekvinnelaget med på å arrangere Olsok i Valldal. Vi samarbeidde med Valldal Helselag og hadde ansvar for matsal. Vi skulle også stå for innkjøp og utstyr. Inntektene av salet vert fordelt likt på laga.

Bjørg og Mette var med i planleggingsgruppa og har brukt mykje tid på dette. Dei to, og også fleire var med på tillaging fredagskvelden.

Det var mykje arbeid, men det var også kjekt å vere med å skape liv og røre i bygda vår. Veret slo også til med ein  skikkeleg soldag! Og det kom masse folk, så vi hadde trengt litt fleire hender til nokre av oppgåvene.

Sjå link til ark .

Foto: Bjørg og Judith

olsok i Valldal 2022.