Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Her er det snart klart for Olsok 2025

Her er det snart klart for Olsok 2025

Sterke karar sette opp og bardunerte vaffelteltet!

Sterke karar sette opp og bardunerte vaffelteltet!

Klare til innsats!

Klare til innsats!

Turid og Marit hadde første vakta i pølsebua.

Turid og Marit hadde første vakta i pølsebua.

Bjørg og Ingebjørg var i grautbua.

Bjørg og Ingebjørg var i grautbua.

Bodil kokte kaffi i store mengder!

Bodil kokte kaffi i store mengder!

Olsokfeiring i Valldal

Også dette året var Valldal Bygdekvinnelag med på å arrangere Olsok i Valldal. Laget vårt og Helselaget stod for alt som hadde med salg av mat å gjere, så då vart det innkjøp av alt som skulle til, og det vart sortert kva som skulle i pølseboda, rømmegrautboda og vaffelteltet. Det vart laga litervis med vaffelrøre, heimelaga rørt jordbærsylte i store mengder vart også laga, vaktlistene var nøye sett opp med ulike oppgåver. 

Veret var bra, men mykje vind i starten, så det var mykje som fauk av garde. Men etter kvart roa det seg, og heldigvis dukka mykje folk opp og slo seg ned på Sylte torg. 

Alle var i godt humør og glade for å vere med å skape liv og røre i bygda vår!