Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Her er det klart for Minidilten

Her er det klart for Minidilten

Olsokfeiring i Valldal

Også dette året var Valldal Bygdekvinnelag med på å arrangere Olsok i Valldal. Laget vårt og Helselaget stod for alt som hadde med salg av mat å gjere, så då vart det innkjøp av alt som skulle til, og det vart sortert kva som skulle i pølseboda, rømmegrautboda og vaffelteltet. Det vart laga litervis med vaffelrøre, heimelaga rørt jordbærsylte i store mengder vart også laga, vaktlistene var nøye sett opp med ulike oppgåver. 

Veret var bra, men mykje vind i starten, så det var mykje som fauk av garde. Men etter kvart roa det seg, og heldigvis dukka mykje folk opp og slo seg ned på Sylte torg. 

Alle var i godt humør og glade for å vere med å skape liv og røre i bygda vår!