Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Logo for 2018

Logo for 2018

Operasjon dagsverk.


Od-gruppa ved Valldal skule ville arrangere Palestinakafe.

Dei hadde bruk for hjelp på kjøkkenet for å lage mat frå Palestina, så då vart VBk kontakta, og to medlemar rykte ut og hjelpte til. Det vart mykje nytt å lære for oss også, - hummus, gresskarpai, brød fylte med spinatstuing m.m.m.

Klokka 18 var det klart til kafe, vi fekk litt info om kva Od-aksjonen i år gjekk ut på, og elevar, foreldre og ekslærarar smakte på dei spanande rettane. Då vart det litt pengar i OD-kassa!