På sparket-tur til Nedstestølen!
På sparket-tur til Nedstestølen på kort varsel slik det skal vere! Men 11 damer fann vegen fram i nydeleg juniver. Nokre gjekk lang tur, nokre kort, og nokre køyrde heilt fram.
Vi hadde med litt niste, og Mette Marie kokte kaffi og spanderte nydelege kaker. Ho laga gulrotkaka med rabarbra, knallbra! Og banankake med nøtter m.m. smakte også fortreffeleg.
Nedstestølen er ei perle, akkurat no med brusande elv, høge fjell, fossar, stor saueflokk, store, flotte, gamle tre og koseleg Rues Gate mellom husrekka. Mette Marie hadde omvisning, og det vart fortalt litt historier om bygningane og dei 20 grunneigarane. Setra er mykje brukt som turmål eller utgangspunkt for lengre turar, ser svært velstelt ut. Elles mest brukt under jakta og ved sauesankinga. - Eg har vore der både på blåbær- og tyttebærtur!
Tusen takk til Mette Marie som fekk oss på tur, fortalde mykje og laga godsaker til oss!