Påskehygge
Tysdag 24. mars var det fullt rundt langbordet på biblioteket. Bjørg ynskte velkommen og syntest det var veldig kjekt å sjå så mange!
Ho orienterte litt om aktivitetar laget hadde vore med på i det siste, og nemnde årsmøtet i Fylkeslaget som var på Hustadvika og Molde. Det var berre Bjørg og Vigdis som deltok, men dei var m.a. veldig fornøgde med foredraga på Romsdalsmuseet.
Elles fortalde ho om markeringa av Prosjekt Skulekjøkken på Valldal skule. - Vbk spanderte maten, og 9. klasse laga flott påskelunchbord. Dei inviterte heile ungdomsskulen, ordførar, kommunalsjef og Inga Martine Muri og Stein Ivar Krohn frå sponsorbedriftene.
Laget fekk takk og god omtale.
Mette Marie hadde Historia mi,- og det vart ei spennande reise rundt om i landet. Kjekt å høyre om oppvekst på Døving, og dei enda til slutt i Fjørå.
Vi hadde også ei ny bygdekvinne på besøk, Hanne Strøm som skal flytte til Fjørå, men som inntil vidare er medlem av Røyken bygdekvinnelag.
Vertinnegruppa med Solveig, Vigdis og Aase ordna opp, med Mor Monsenkake, lefser og smultringer til kaffien, og fine gevinstar ved åresalet.
Bjørg & co hadde også vore på Linge og planta fine påskeblomster som stod ferdig til å ta med seg heim. Kjekt å få ei slik helsing frå laget.
I helga er det Bygdafest, og då skal nokre i aksjon der.
Takk for ein triveleg kveld.