Potetlefsekurs.
Laurdag 21. november var det kurs i potetlefsebaking. Det var Nelly Ytterli som var kursleiar, og kurset vart halde heime hos Mette Marie Døving. Ho hadde stort og godt utstyrt grovkjøkken.
Dagen før var Nelly og Bjørg i sving med å skrelle 8 kg mandelpoteter og koke desse.- Imponerande! - Sjølve bakinga gjekk føre seg store delar av laurdagen. Dei hadde det svært kjekt og lærte mykje. Så det var fornøgde damer som slappa av på laurdagskvelden med gode potetlefser til jul!
Kursa i hardinglefsebaking vart avlyste. Det var lita påmelding og også vanskelg å gjennomføre med koronatiltak.