Redningsmannen - ope møte
Tysdag 5.mars var det ganske fullt oppmøte på biblioteket i Valldal. Øivind Sønderland Kleppe kom og fortalde
om Stiftelsen Norsk Luftambulanse og jobben sin som redningsmann.
Øivind er frå Valldal og har sjukepleierutdanning og seinare opptak og kursing som redningsmann.
Han orienterte om Stiftelsen Norsk Luftambulanse, som er ein ideell organisasjon, som kanskje mange er faste givarar til. Dei jobbar for at alle som er akutt sjuke og alvorleg skadde skal få raskare og bedre medisinsk hjelp, uansett kvar dei bur i Norge.
Dei vil flytte avansert livreddande medisinsk behandling ut til pasienten. I 45 år har dei talt pasientane si sak og sørga for nye løysingar. Over 300 000 støttespelarar og 4000 støttebedrifter er med på folkedugnaden om å utvikle luftambulansetjenesten til å bli enda bedre.
I dag er drifta av luftambulansetjenesta offentleg finansiert, men Stiftelsen bidreg med forskning og kursing.
Øivind er no stasjonert i Ålesund, men har også vore i Førde og Bergen. Dei er på jobb ei veke med døgnvakt, og så 3 veker fri. Men det er ein del kursing i friperiodane. Han fortalde om mange spennande oppdrag. Dei er 3 personar i helikopteret, og som redningsmann er han ansvarleg for at det tekniske ved oppdraget fungerer, han skal også vere i cockpiten og hjelpe piloten, og også hjelpe legen. Alle 3 må samarbeide om oppgåvene.
Øivind var svært godt forberedt med fine bilde og skjema på skjermen, og også korte videosnuttar. Svært kjekk og opplysande kveld!
Det var også kjekt å høyre at det er to andre unge menn frå Valldal som arbeider i redningstenesta. Vebjørn Bjørstad som redningsmann, og Ingbjørn Vestre som anestesilege. Kanskje gjorde sommarjobbane deira som raftingsguider i Naturopplevingar at dei tidleg lærte seg ansvar og ta viktige avgjerder i vanskelege situasjonar?
Tusen takk igjen til Øivind for ein fortreffeleg kveld, og også takk til vertinnegruppe 2 som ordna og serverte sveler, kake og kakevafler og kaffi.