Siste dag på jobb:
Onsdag 24.03.2021
Bjørg Kleppe var den som starta opp Frivilligsentralen i Norddal kommune og har gjort ein kjempejobb for lag og organisasjonar. Ho har gitt god hjelp til å skrive søknader av ulike slag, kommunen har henvendt seg hit når dei behøvde folk til servering og bevertning på kurs og andre tilstellingar, organisering av Tv-aksjonen, aktivitetsdag for funksjonshemma, og no sist hjelp med parkeringsvakt og anna ved koronavaksinering. Ho har søkt om midlar til kommunen slik at dei gamle på sjukeheimen har fått vere med på kulturelle aktivitetar. Frukostgruppa var også viktig, og som dei fekk til sjølv i koronatida! - Og mykje, mykje meir!
No var det siste dag på jobb, det var noko ho grugleda seg til slik som mange andre. Ho fekk besøk på kontoret av representantar for helselaga i Valldal og Fjøra, Bygdekvinnelaget og frå styret i Frivilligsentralen. Det vart litt kaffi, kaker, blomster og mange gode ord om arbeidet og innsatsen ho har gjort.
Tusen takk, Bjørg! - Reknar med at vi ser deg som frivillig i ulike aktivitetar i kommunen!