No er det sommar og deltaking på aktivitetar i bygda --- og vi dreg dette lasset saman---
SOMMARMESSA 2.juli på Martin Linge-huset
Vi har blitt spurd av Husflidslaget om å vere på kafeen for dei. Det har vi sagt ja til og får kr 3600 for dette.
Arbeidsoppgåvene er:
Tillaging, sal i kafeen, rydding og oppvask. Elsa Selsboskar har ansvar for kjøkken og oppvarming av graut.
Vakter: Det trengs 3 på kvar vakt
Kl 10- kl 14. Bjørg, Nelly – +1 person
Kl 13- kl 17 Solveig --+ 2 personar
Stand:
Vi skal også ha ein liten stand der for å selje dialektordbilde. Nokon i styret må vere der, men vi vil gjerne ha fleire som kan steppe inn å byte på der.
Vakt kl 10- kl 14 Solveig
Vakt kl 14- kl 17 ?
Olsok
Fredag 28.juli:Tillaging på fredag, vaffelrøre, osv. Laurdag 29.juli: Sal av mat/ kafe.
Bjørg og og Mette V er ansvarsgruppe her. Vaktene og arbeidet er ikkje sett opp enno. Sal av mat er til inntekt for oss sjølve
Desse har sagt at dei kan hjelpe til:
Anne, Gerd, Judith, Petra, Nelly , Sissel Rogne?
Reserve , Solveig
Vi treng fleire medlemar til dette
I tillegg trengs det ein medlem som kan kontakte/ringe til bedrifter om sponsing på førehand!
Vi håper at det er fleire av medlemane som kan vere med på dette. Det er alltid triveleg og jobbe ilag for felles sak!
Dette er inntekt for laget, som igjen er grunnlag for at vi kan sponse medlemane på aktivitetar .
Sommarleg helsing frå styret.