Sommaravslutning 2022
Årets sommaravslutning vart på Hallvard Eides steinsamling på Dale i Norddal torsdag den 9. juni.
Skikkeleg sommarver fekk vi på denne dagen, og i Norddal skein sola når vi reiste tilbake i halvtitida.
Vi fekk eit spennande møte med Hallvar Eide på Dale. Der har han og kona leigt eit geitefjøs som har blitt eit geologisenter. Han har brukt mykje av livet til å lære om geologi og mineralforekomster, han har også eit oppfinnargen som har gitt han fleire Reodor Felgen-prisar, og han har fått mange forskningsstipend. Både frå Norge og andre land. Han har fått 74 patentar på ulike oppfinningar, og noko er viktig både for brukonstruksjonar, oljeboring og også for romfart!
På eigedommen er det også ei nedlagd gruve som no blir brukt som konsertlokale med flott akustikk. På besøket vårt var det tent levande lys innover, og Sølvi spela musikk som laga magisk stemning.
Også ute ved inngangen til gruva hadde dei lagt ned mykje arbeid med små bygningar, bord fulle av stein og bergartar og dyrefigurar som også Hallvar hadde laga.
Hallvar var dessverre utsett for ei ulykke som skada han i beina for 2 år sidan. Dei har derfor ikkje fått realisert alle planane sine for senteret. Det er ikkje opent til dagleg, men dei tek imot besøk etter avtale.
Tusen takk for både flott omvisning og forteljing til både Sølvi og Hallvar. Det vart også tid til ei koseleg matstund med steinprat attåt!
Takk også til komiteen,- Anne, Gerd og Petra! Vi storkosa oss,- og tida strakk ikkje til!