Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Velkomstdrikke på kaia,- utanfor Khaya!

Velkomstdrikke på kaia,- utanfor Khaya!

På veggane heng måleri av Myeza til sals og pynt.

På veggane heng måleri av Myeza til sals og pynt.

Vi ventar på maten.

Vi ventar på maten.

Praten går!

Praten går!

Flott veggdekor!

Flott veggdekor!

Kaffi er ikkje berre, berre.......

Kaffi er ikkje berre, berre.......

Nydeleg oksegryte med maisbrød og kryddersmør til.

Nydeleg oksegryte med maisbrød og kryddersmør til.

Saftig og god gulrotkake etter Kjellaug si oppskrift !

Saftig og god gulrotkake etter Kjellaug si oppskrift !

Sommaravslutning på Khaya.

 

Måndag 24. juni var ca 20 damer samla til sommaravslutning. Denne gongen vart det ikkje til seters, men på kaia! 

Bedrifta som tidlegare heitte Under Taket., har skifta namn og er no Khaya Bar og Barista. Drivaren er Muzikababa Bhubesi Myeza, kort kalla Muzi ! - I år har han fått heile kaihuset som serveringsstad, og det er også populært å sitje ute på kaia og kose seg med kaffi av alle slag, heimelaga mat og drikkevarer.

Vi vart godt mottekne med velkomstdrikke, og så tok vi plass i det største rommet der det var fint dekka til oss. Solveig ønskte oss velkomne, og Aktivitetsgruppa fekk ros for at dei hadde ordna dette for oss.

Muzi fortalde litt om mat og drikke, vi fekk servert smakfull oksegryte med maisbrød og kryddersmør. Vinen han anbefalte til skulle vere som krydder til maten,- veldig god. Kaffien vart laga på spesiell måte, og han underviste oss litt medan den vart laga.Gulrotkaka vart etter svigermor Kjellaug si oppskrift, og den smakte fortreffeleg!

Solveig hadde  gode ord om innsatsen til medlemane, ho var stolt over kva vi var med på og fekk til. Mykje godt frivillig arbeid!

I helga skal Vbk vere med på matsal og servering ved Sommarmessa, og elles snakka ho om Samrådingsmøtet som skal arrangerast i Valldal 13.-15. september. Vi står for arrangementet, men Fylkeslaget har det faglege  programmet.