Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Skvalderkålet skal vekk!

Skvalderkålet skal vekk!

Planting av sommarblomster og luking.

Planting av sommarblomster og luking.

Vigdis rydda og vaska i utstyrskassa vår! - Supert!

Vigdis rydda og vaska i utstyrskassa vår! - Supert!

Glimt stilte med nydelege sveler.

Glimt stilte med nydelege sveler.

Sommerblomster som lyser opp!

Sommerblomster som lyser opp!

Kjekt med pause med gode sveler og sjokoladekake.

Kjekt med pause med gode sveler og sjokoladekake.

Sommardugnad

Onsdag 11. klokka 11 hadde vi ny dugnad i hagen.  Denne gongen på dagtid slik at Glimt kunne vere saman med oss. Veret var skiftande med litt regn og bittelitt sol, men det gjekk greit likevel. 

Elinor og Judith hadde handla inn blomster, så då vart det fylt på jord i pallekarmane og planta sommerblomster som skal vere fine heile sommaren. Elles er der diverse stauder som kjem innimellom. Nokre av krukkene fekk også fine plantar.

Der er eit stort, gamalt bed med forskjellige busker og planter, og med masse skvalderkål. Det vart fint rydda på forrige dugnad, men no var der rikeleg å gå laus på. Så Anne, Bård Audun, Hanne og Espen gjorde ein kjempejobb med det frodige ugraset.

Det vart også rydda i rosebedet ved Open omsorg, pyramiden fekk nye kaktuser på toppen, og Vigdis gjekk laus på oppbevaringskassa vår som no er rein og ryddig.

Humøret var på topp hos dei ca 12 frammøtte. Vi kosa oss også med nydelege sveler som Espen hadde laga på Glimt, og kjøkkenet stilte med kaffi og super sjokoladekake! Tusen takk!

Tusen takk til dei frivillige som hjelpte til. No blir det dei som står på vatningslista som må passe hagen i sommar, men både bebuarar og pårørande må gjerne både vatne og plukke visne blomster og blad. Eller plukke seg bær når den tid kjem.

Det står ein søppeldunk nede i hagen der vi kan ha avfall, og posar og litt utstyr i putekassa.