Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Gratulerer med vel overstått 75-årsjubileum, Solveig !!

Gratulerer med vel overstått 75-årsjubileum, Solveig !!

Sommarhelsing frå Solveig

 

Sommarhelsing frå leiaren vår, Solveig Linge Stakkestad.

 

Sommarhelsing til alle VBK damer!

Takk for sist til alle som var med på sommaravslutninga på KHAYA. Det var kjekt at så mange vart med på det. Takk også for god innsats av dei 6 damene som var i arbeid med kafe og kaffikoking på Husflidsmessa. Eg fekk god tilbakemelding frå leiinga på messa om innsatsen av VBK.

På planen i haust er det fleire arrangement.  Litt informasjon og datoar:

August. Eit møte eller tur, ikkje datofesta, men det blir truleg i slutten av august.

13.-15.september.  Samrådingsmøte ---som vi har kalla inspirasjonshelg frå fredag til søndag.

Fredag 18.oktober.     Årsmøte. Leiaren i NBK Ellen Krageberg kjem til oss den kvelden.

Søndag 17.november.  Ope møte med Harald Grytten. Tema ikkje klarlagt, men noko artig blir det!

2.søndag i advent/ eller den veka.  Førejulskveld. Sosialt samvær med litt attåt.   

 

På samrådingsmøtet 13-15.september skal vi ha loddsal. All inntekt kjem til laget vårt, og  då må vi ordne gevinstar sjølve---

Styret oppfordrar alle medlemar til å levere inn ein gevinst til ein minsteverdi på 200kr. Vi kan spørje  butikkar/bedrifter om gåver eller gåvekort. Viss nokon strikkar /heklar/syr, så er det flotte gevinstar å gje inn, t.d sokkar, skjerf, gryteklutar . Alt handarbeid er populære gevinstar! 

Eg tenkjer det er greitt å orientere om gevinstane, så kan alle ha god tid på dette. Gevinstane kan leverast  til Bjørg påFrivilligsentralen. 

Eg minner også om at inspirasjonsseminaret i Trondheim 8.-10.nov er open for alle medlemar. Les om det på nettet eller i bladet!

Så ynskjer eg alle ein god sommar! Håper at DU får nyte dagar med  varme og sol og gode stunder!

Eg gled meg til å treffast til hausten!

Sommarhelsing frå Solveig