Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Ein blid gjeng på opninga av Sylte torg!

Ein blid gjeng på opninga av Sylte torg!

Sommarhelsing frå Solveig.

 

Hei damer!

Sommaren er her!  Vi har alt fått ein dose med varme og håper at det kjem meir lagleg ver. Dei fleste av oss har vel også fått ein eller to dosar med vaksine, som skal gjere oss  klare til samfunnet opnar igjen.

Koronatida  viser oss kor  viktig og nødvendig det er med sosial kontakt, vi ser det kanskje først når vi har sakna det så lenge.

VBK har fått i gang litt aktivitet dette siste halvåret. 

Det har vore hyggjestunder på Sjukeheimen, «Syng med oss», dugnad i sansehagen, tur og treff på torsdagar,  for å nemne noko, og no i dag var vi 6 medlemar  som sto for serveringa i 2 timar til opninga av Hamna på Sylte.

Tysdag var det ein tur til Nedstestølen. Trim, god drøs, kaffi og medbrakt . Mette Marie si gulrotkake med rabarbra var ein innertiar.

Det vart ein fin sommarkveld  og avslutning for dette halvåret. 

Styret i VBK har sagt ja til å ha 3 dagar med sommarskule i samarbeid med kommunen. Mette, Bjørg og eg skal arbeide ut eit opplegg med matlaging og kanskje andre aktivitetar. - Håper at medlemar kan vere med på dette.

Judith er veldig god/rask  til å legge ut på nettsida/facebook  både bilde og tekst av det som skjer i laget—vil berre minne om det—

 

Takk til alle for at du er med på laget---- VBK gjer ein forskjell  -----

Eg vil ynskje alle ein god sommar !

Sommarhelsing frå

Solveig