Sommarhelsing frå Valldal Bygdekvinnelag
Sommaren er på hell, og Bygdekvinnelaget er i aksjon på ulike måtar. Vi har hjelpt til med matsalg på Husflidsmessa, der vi også hadde eigen stand, og no står arrangering av Olsok I Valldal for tur i helga. Vi er eitt av dei frivillige laga som samarbeider om arrangementet, og har vore med både på planlegginga og no gjennomføringa.
Elles er laget vårt med på vatning og stell av hagen på sjukeheimen, og nokre har også vore i sving med malarkost og fornya benkar, stolar og bord.
God dugnad for dei som stiller på olsokhelga!